Stykket
Vildanden er skrivet av Henrik Ibsen i 1884. Stykket hadde premiere i 1885 ved
Den nationale Scene i Bergen. Det ikonsike stykket blir framleis vist på
teater, samstundes som det har blitt filmatisert.
Stykket
begynnar med at Hjalmar Ekdal er invitert i middagsselskap hjå den rike og velståande
grosserar Werle. Nylig har også Werles son, Gregers, komme heim. Ifølge Gregers
sjølv er Hjalmar hans einaste og beste venn. Saman med overklassen føler
Hjalmar seg utilpass. Då hans alkoholiserte far også kjem innom, veljar han å
forlate selskapet. Dette får Gregers til å sjå raudt. Han veljar å forlate sin
far og heim, for så å flytte inn saman med Hjalmar. Gregers har samstundes fått
i livsoppgåve å fortelje sanninga om hans dotter, Hedvig. Då Hjalmar får greie
på dette avskyr han dottera si. Hedvig trur at dersom ho ofrar det kjæraste ho
har, vil faren bli gald i ho igjen. Med det tek Hedvig sitt eige liv, i håp om
å vinna tilbake sin fars kjærlik.
Temaet i Vildanden er livsløgn, og spørsmålet: Vil menneskar ha det betre vis
ubehagelege sanninga om livet deira kjem fram. I stykket har personane ulike
syn på nettopp dette. Gregers er klar i sin tale. Han meiner at Hjalmar vil få
eit betre og meir fullverdig liv av å vita sanninga. Doktor Relling meiner det motsette.
«Menneske vil dukke under» om dei får vite sanninga om alt. Han skåner sjølv
enkelte av sine pasientar frå sanninga.
Du skriv ganske godt på nynorsk, Martin. Oppsummeringa di av innhald og tema er også bra. Sjekk desse orda: begynnar, menneskar, vis, veljar
SvarSlett